mandag 14. september 2009

Vakre Stølsheimen



Aaahh, for nokre herlege soldagar det har vore :)
Me berre MÅTTE til fjells i går !



Turen gjekk til Voladammen, ca førti minuttars køyrsel frå Evanger. Derfrå går det merka T-sti inn til m.a Volahytta. Dette er ein flott tur der det er fint å ha med ungane.



Tenk at det ligg slike fantastiske fjell omtrent rett utanfor stovedøra vår.
Når sola skin slik som desse dagane er det berre så utruleg vakkert, og ein føler seg heldig....



Naturen lagar sine eigne fotomotiv....



Eg tok også med meg litt rekvedplankar som Patina damene skal finna på noko fint med, vent og sjå ;)
Idag tok eg og Turid turen opp på Styveshorgi og plukka tytebær, deilige store tytebær som skal rørast til syltetøy.
Finaveret treng ikkje gje seg endå....

2 kommentarer:

einar sa...

Skikkeleg flotte biletet. Gler meg til dagen i dag. Eg skal nemleg på tur til Vikafjellet saman med tiandeklassingane på Voss ungdomsskule.

Ludoland sa...

så utrolig koselig med sånn koselig kommentar på bloggen min, Her inne var det herlig. Koselig blogg. Fiiiine bilder.